Ansvarleg redaktør
Vår redaktør gjennom 10 år har fått seg ny jobb, og me søkjer nå hennar etterfølgjar. Me søkjer ein framoverlent redaktør som brenn for lokalsamfunnet, og som evnar å finne dei raske nyheitene, men også grave og gå i djupna. Som redaktør får du ansvaret for å vidareutvikla avisa journalistisk og digitalt. Vestavind skal vera best på Sveio.
Me treng deg som vil ta hovudansvaret for produksjon av papiravisa, samt styrke Vestavind på nett. Redaktørstillinga krev stor arbeidskapasitet, journalistisk erfaring og evne til å byggja relasjonar. Du vil ha ansvaret for redaksjonen som består av redaktør og journalist. Dagleg leiar og engasjerte styremedlemmar er klare for å samarbeida med deg i vidareutviklinga av Vestavind.
Løn og pensjonsordning etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Bent Rune Sinnes, tlf. 975 12 353 eller bent.rune@succession.no
Søknad med CV sendast Vestavind AS, ved susanne@vestavind-sveio.no innan 28. september 2021
ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Om bedriften
Lokalavisa Vestavind vart stifta i 1986, og kjem ut i papirformat kvar torsdag samt med daglege oppdateringar på nett. Avisa er limet mellom bygdene i Sveio, og skal bidra til å redusera handelslekkasje, samt støtta lokalt næringsliv. Vestavind har vel 1300 abonnentar. Verksemda har tre tilsette på heiltid med redaktør, journalist og dagleg leiar/marknadsansvarleg. Kontoret er i Sveio sentrum.
Sveio er ein flott kystkommune, som ligg strategisk til midt i ein sterk region, med felles bu- og arbeidsmarknad med Sunnhordland og Haugalandet. Kommunen har om lag 5800 innbyggjarar som bur spreidd over heile kommunen, som dekker eit areal på 246 kvadratkilometer. Om sommaren nær doblar innbyggartalet seg ved at kommunen er vert for mange hyttegjester. Sveio ligg «midt i leio» mellom storbyane Bergen og Stavanger.