Sommarvikar Medisinsk fysikk
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4201806006 Presentasjon av stillingen:
Sommarvikariat Fysikar/Fysikkstudent
Seksjonen har i dag ca. 35 tilsette, hovudsakleg fysikarar, doseplanleggjarar og ingeniørar. Ein viktig del av avdelinga sine oppgåver er å yte teknisk og strålefysisk service til Stråleterapiseksjonen ved sjukehuset. Vi har m.a. ansvar for drift og vedlikehald av sjukehusets stråleterapiutstyr. Avdelinga har og ansvar for Røntgenfysikktenester for heile Vestland Fylkeskommune. Det nye protonsenteret som er planlagd ferdig ca. 2025, vil og bli ein del av avdelinga sitt ansvarsområde, og det forgår for tida planleggingsarbeid for å førebu bemanning, opplæring og drift av dette anlegget.
Vi søkjer sommarvikar som kan jobbe sjølvstendig med tildelte oppgåver, og som er nysgjerrig på fagfeltet medisinsk fysikk. Det kan bli aktuelt med noko kveldsarbeid for spesielle prosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver vil vere mindre prosjekt i avdelinga. Nødvendig opplæring til arbeidsoppgåvene vil bli gitt
Kvalifikasjonar
- 4 til 5 års studieerfaring i Fysikk relatert til kjernefysikk/strålingsfysikk
Utdanningsretning
- Fysikk
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Sjølvstende i arbeidsutføring vil vere viktig i ferieperioden
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Arbeidsperiode frå ca. medio Juni og opptil 8 veker
- Dagarbeid med fri laurdag og sundag
Kontaktinformasjon
Anfinn Mehus, Avdelingsleiar, 55972025
Arbeidsstad
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4201806006
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.