Politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar innan økonomisk kriminalitet
FEE-Avsnitt for etterforskning av økonomisk kriminalitet, Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2 med funksjon som etterforsker økonomisk kriminalitet
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ein eller fleire faste stillingar som politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar. Stillinga er stadsplassert i Bergen. Stadsplassering i Florø kan vurderast for aktuelle kandidatar. Det må påreknast noko reiseverksemd i heile politidistriktet.
Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet skal førebyggje, avdekkje og etterforske økonomisk kriminalitet i tillegg til å gi politidistriktet fagleg støtte innan finansiell etterforsking. Avsnittet har også ansvar for taktisk etterforsking av dataangrep. Som tilsett i stillinga vil den primære oppgåva di vere etterforsking av økonomisk kriminalitet, men det er forventa at du bidreg i etterretningsarbeidet ved systematisk innhenting for å styrkje kunnskapsgrunnlaget innan fagfeltet.Vi ser etter deg som har god fagkunnskap knytt til etterforsking, herunder etterforsking av økonomisk- og annan profittmotivert kriminalitet. Du er strukturert, engasjert og nysgjerrig på nye metodar for å få bukt med kriminalitet. Du er motivert for å tileigne deg kunnskap og erfaring innan skjulte etterforskingsmetodar, herunder i det digitale rommet. Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege team med juristar, etterforskarar med politifagleg og økonomisk bakgrunn. Seksjonen og fagfeltet er i stadig utvikling og for å følgje samfunns- og kriminalitetsutviklinga, må endringar i oppgåve og arbeidsform måtte påreknast.
Politiet skal vere i forkant av kriminaliteten og arbeide kunnskapsstyrt. Vi arbeider med å vri fokuset i oppgåveløysinga vår mot intensjonen i hovudstrategien til politiet. Vi skal førebyggje og kjempe mot kriminalitet, og søkjer deg som vil bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking av saker ved avsnittet, og saman med politi og påtalefaglege etterforskingsleiarar prioritere etterforskingssteg i tråd med hypotesar og bevistema
- Bearbeide, systematisere, analysere og vurdere informasjon innhenta gjennom etterforsking
- Analyse/gjennomgang av elektroniske beslag og behandling av trafikkdata
- Holde seg oppdatert på trendar og utvikling innan økonomisk- og annan profittmotivert kriminalitet
- Delta i planlagde aksjonar
- Generell etterforsking innan sakstypane ved seksjonen, under dette A-krim-, miljø og økosaker
- Avsnitt for etterforskning av økonomisk kriminalitet jobber på støtteliste hos Felles Straffesaksinntak i helg
- Andre oppgåver pålagt av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Vitnemål frå politiskule/politihøgskule
- Tilfredsstille de generelle kompetansekravene for politibetjent 3/2
- Relevant erfaring frå etterforsking
- God kjennskap til systema til politiet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Beherske engelsk munnleg og skriftleg
- Gjennomført obligatorisk årleg opplæring for etterforsking (OÅO), eller delta på slik opplæring etter tiltreding
- AOP godkjent eller kvalifisert/villig til å bli det
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41
Ønskjeleg:
- Relevant utdanning innan økonomi, teknologiske fag eller tilsvarande
- Videreutdanning i etterforsking (VEF)
- Erfaring frå etterforsking av økonomisk kriminalitet
- Kunnskap om kryptovaluta
- God kjennskap til og erfaring i bruk av Indicia prosjektmodul
- Kunnskap om etterretning og førebygging
- Videreutdanning i skjulte metodar modul 1
- Vidareutdanning innan operativ saksanalyse
Personlege eIgenskapar
- Gode samarbeids, relasjonsbygging-og kommunikasjonsevner, kunne arbeide tverrfagleg og i team
- Evne til å jobbe sjølvstendig, resultatorientert, strukturert og vere løysingsorientert med god gjennomføringsevne
- Inneha motivasjon og interesse for etterforsking av økonomisk kriminalitet, med eige initiativ og fleksibilitet
- Være ein aktiv deltakar i å skape eit godt samarbeidsklima
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her
Vi tilbyr
https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
- Stillinga blir løna som politibetjent 3/2 med funksjon som etterforskar (stillingskode 1461/1459), frå ltr 50/ kr 502.300,- til ltr 68 / 667.700,- kr brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr.: 24/
Kontaktinformasjon
Martin Fosse, Fungerande avsnittsleiar, 47691036Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidsstad
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vest politidistriktReferansenr.: 4841656471
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2024
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Nettsted
www.politiet.no/jobb
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2715247
- Sist endret
26. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
250d8cdf5fa249b2a0d7e56ff7acbb82