Einingsleiar 100 % fast stilling ved Giske oppvekstsenter - Oppvekst
Org. nr: - Stillingsident: 4050070396 Presentasjon av stillinga:
Stillinga som einingsleiar for Giske oppvekstsenter er ledig frå 01.06.2019.
Giske kommune er i sterk vekst og ansvarsområdet for einingsleiaren er omfattande og spennande. Vi søkjer etter ein engasjert og utviklingsorientert person kan bidra til heilskapleg og strategisk leiing av oppvekstsektoren i samarbeid med rådmannsnivået. Vi ønskjer oss ein leiar som har fokus på heilskap og kvalitet og er god på samarbeid og dialog.
Giske oppvekstsenter er Giske skule og Giske barnehage. Skulen har per i dag 90 elevar og 30 barn i SFO, og barnehagen har 60 barn. I tillegg til einingsleiar sit avdelingsleiar for skule, leiar for SFO og styrar for barnehagen i leiarteamet. Giske oppvekstsenter ligg midt på øya Giske, 15 minutt frå Ålesund lufthavn og Ålesund sentrum.
Giske kommune er ein nynorskkommune og tilsette skriv nynorsk i saksbehandling og dialog med innbyggjarane.
Den som blir tilsett må legge fram gyldig politiattest.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om det og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette.
Arbeidsoppgåver
- Einingsleiar har det overordna faglege, økonomiske og administrative ansvar for oppvekstsenteret og rapporterer til kommunalsjefen for oppvekst og miljø og kultur.
- Einingsleiar har ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet, kvalitetssikring av tenestetilbodet, partssamarbeid, samt internkontroll og HMS-arbeid.
- Prioriterte satsingsområde er livsmestering og psykisk helse, realfagsprosjektet <<Frå det undrande til det problemløysande barnet>>, læring på digitale flater, skaparverkstad, og sjølvsagt fagfornyinga - førebuing til innføring av nye læreplanar i skulen. Det er forventa at du er ein pådrivar i dette arbeidet.
- Einingsleiar skal vere ein pådrivar for å utvikle oppvekstsenteret i samsvar med Giske kommune sine verdiar, kvalitetsplanen for skule, barnehage og sfo og nasjonale planverk. Vi forventar at du involverer personalet, foreldre, elevar og nærmiljø i utviklingsarbeidet.
- Reelt samspel og tverrfagleg samarbeid er viktige satsingsområde i Giske og du må vere interessert i og innstilt på å vere ein aktiv bidragsytar til dette.
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Relevant yrkeserfaring og helst leiarerfaring
- Tilleggsutdanning i administrasjon og leiing (rektorskule). Søkjarar som ikkje har leiarutdanning må vere innstilt på å ta rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning
- Erfaring med og god kompetanse på økonomistyring og administrativt arbeid
- Digital kompetanse og omstillingsevne
- God kunnskap om relevant lovverk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne ¿ på norsk
Personlege Eigenskapar
- Gode leiareigenskaper og evne til å skape gode relasjoner og å oppnå tillit
- Ønskje om og evne til å påvirke
- Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
- Evne til å arbeide ryddig og strukturet
- Evne og vilje til å legge til rette for at personalet skal få gjere sitt beste
- God gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Deltaking i rektorkollegiet og i rådmannen sitt leiarforum som gir gode moglegheiter for tverrfagleg samarbeid, erfaringsdeling, og leiarutvikling
- Moglegheit for individuell coaching
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering
- Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Arnfinn Vartdal, konstituert kommunalsjef, 48221832, arva@giske.kommune.no
Inger-Anne Knutsen, einingsleiar/rektor, (+47) 95169233
Arbeidsstad
Giske
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Giske kommune
Ref. nr.:4050070396
Stillingsbrøk: 100%
Heltid, Fast
Startdato: 01.06.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 09.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4050070396&company_id=3203199427&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.