Vikariat 60% stilling for sjukepleiar pt. på natt
Org. nr: - Stillingsident: 4096987312 Presentasjon av stillingen:
Seksjon for alderspsykiatri er ein del av Psykiatrisk Klinikk og har førebels plassering i det nye Barne- og ungdomssjukehuset/BUS. Seksjonen behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år.
Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tek også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar der 8 av sengene er i open post mens 4 av sengene er tilknytta ei lukka eining. Seksjonen har også ein poliklinikk med ambulante tenester.
Arbeidsoppgåver
- Sjukeplefagleg oppfølging av pasientar
- Medikanthandtering
- Pasientadministrativt arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskjeleg med minimum eit års erfaring som sjukepleiar.
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Engasjement og interesse for å jobbe med eldre menneske.
- Gode IKT-kunnskapar.
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert.
- Du tar personleg ansvar for at oppgåver vert utført.
- Du søkjer aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetanse.
- Du kommuniserer og samarbeider godt.
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjoner, og arbeider stabilt under press.
- Du er fleksibel.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Carina Orvedal Lønne, Assisterande seksjonsleiar, 55974535, calo@helse-bergen.no
Jorunn Møen, Seksjonsleiar, 55974582, jorunn.moen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenummer:4096987312
Stillingsprosent: 60%
Startdato: 02.09.2019
Sluttdato: 31.08.2020
Søknadsfrist: 04.07.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.