Ledige undervisningsstillingar ved Seljord barne- og ungdomsskule frå skuleåret 2024/2025
Vi lyser etter lærarar for skuleåret 2024/25. Både faste stillingar og vikariat er aktuelt. Det er behov for lærarar både på barnetrinnet og ungdomstrinnet. Alle fagkombinasjonar kan vera aktuelle.
Vi ser etter deg som
- er god til å bygge relasjon til elevane
- er god til å samarbeide med kollegaer, elevar og foreldre
- er ein tydeleg og varm klasseleiar
- ser moglegheiter og løysingar
- ynskjer å utvikle deg i yrket som lærar
Seljord barne- og ungdomsskule er tett på elevane og gjennomfører elevsamtaler med alle elevar kvar veke. Vi er ein "Liv og røre"-skule og nyttar nærmiljøet til mykje aktivitet heile året. Vi er ein MOT-skule, og har også programmet "Super!!" på småtrinnet. På barneskulen har song, songglede og framsyningar prioritet og vi ynskjer oss fleire kollegaer som kan bidra til å styrke dette arbeidet.
Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass med dyktige kollegaer!
Den som blir tilsette må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
Skulen har nynorsk som målform.
Har du spørsmål til stillinga ta kontakt med:
Ingunn Haugland, rektor tlf.: 924 24 086
Audny Barstad, assisterande rektor ungdomstrinnet tlf.: 480 57 027
Anette Reitan, assisterande rektor barnetrinnet tlf.: 976 03 129
Velkomen som søkjar hos oss!
Vi tilbyr
- Løn etter Hovudtariffavtala
- Pensjon via KLP/SPK
- IA-bedrift
Søknadsfrist: 01.04.2024
Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via portalen på www.seljord.kommune.no. Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.
Om bedriften
Seljord barne- og ungdomsskule er ein 10-årig skule som ligg i Seljord sentrum. Skulen har ca. 270 elevar, er sentralt plassert og har eit stort uteområde. I nærleiken finn du kulturhus, idrettshall, bibliotek og fleire idrettsanlegg til bruk både sommar og vinter.