Ferievikarar
Åse-Blindheim heimetenestedistrikt
Skarpetegvegen 4, 6012 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikarar
Antall stillinger
1
Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?
I siste del av juni, juli og august treng vi fleire til å gje praktisk bistand og utføre pleie- og omsorgsarbeid i heimetenestene Åse-Blindheim.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring!
Fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Søkar må vere fylt 18 år.
- Søkarar må kunne jobbe i hele juli månad.
- Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Positiv og løysingsorientert.
- Evner til å arbeide sjølvstendig.
- God til å samarbeide med andre.
Vi tilbyr
- Studentar med helse- og sosialfagleg høgare utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
- Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Kontaktinformasjon
Camilla Synnes Nygård, Avdelingsleiar Spjelkavik Aust, 70 16 31 77, camilla.synnes.nygard@alesund.kommune.noRagnhild Opsal, Avdelingsleiar Åse og Lerstad, 70 16 31 62, ragnhild.opsal@alesund.kommune.no
Ina Helene Liaset, Avdelingsleiar tiltak barn og Nattpatrulje, 932 36 761, ina.helene.liaset@alesund.kommune.no
An Magrit Hovden, Avdelingsleiar Blindheim, 70 16 40 41, an.magrit.hovden@alesund.kommune.no
Monica Ulstad, Verksemdsleiar, 945 25 321, monica.ulstad@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Skarpetegvegen 46012 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4742447617
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2024
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2514721
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6a9c4f4b486c45afb7690cb5ae8f1769