Ledig pedagog/lærar ved Erfjord skule - mellombels stilling
Suldal kommune Erfjord skule
Erfjordvegen 16, 4233 Erfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest lørdag 27. desember
Det er ledig inntil 200% stilling som vikar for lærar ved Erfjord skule frå 01.01.25 til 31.07.25Om stillinga:
Link til søknadsskjema: Søk her
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Kvalifikasjonar:- Godkjent undervisninsgkompetanse for grunnskule eller anna relevant høgskuleutdanning.
- Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
- Du må vera fleksibel og positiv.
- Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
- Suldalsskulane nyttar ny læreplan med læringsbrett.
- Du må trivast saman med elevar og føresette.
- Søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.
Personlege eigenskapar:
- Vera positiv og ha god relasjonskompetanse.
- Ha god kommunikasjon og tydeleg klasseleiing
- Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning.
- Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta.
- ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert
I Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811136
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3440321_203729_nn