Søkjer Verkstedleiar
Volda Maskin AS
Furene 42, 6105 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Verkstedleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker etter Verkstedleiar/Anleggsmekanikar. Du har ansvar for oppfølging av reperasjonsbestillingar frå maskinførarar/sjåførar og arbeidsfordeling til mekanikarane. Arbeidet vil også vere operativt, med reperasjonar på bilar og maskiner. Du vil i tillegg ha ansvar for fleire arbeidsprosessar på verkstaden vår, blant anna halde oversikt over delebestilling og forbruksmateriell til verkstad/lager, servicar/ PKK på bilane og sertifisering av maskinpark.
Dine kvalifikasjonar:
· Løysningsorientert, sjølvstendig, evne til å ta ansvar og sikre effektiv framdrift.
· Stor arbeidskapasitet og samarbeidsvilje.
· Fagbrev innanfor relevant fagområde.
· Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kan vege opp for manglande formell kompetanse.
· Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
· Førarkort klasse B, BE og truckførarbevis.
· Tilleggskompetanse t.d. C/CE og maskinførarbevis er ønskeleg men ikkje eit krav.
Vi kan tilby:
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
- Moglegheit for fagleg utvikling.
- Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Oppstart etter avtale.
Om bedriften
Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområde. Med 70 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2612307
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
75488960-1024-43e3-8a85-039a7407b009