Vernepleiar i Døgnstilling
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Bjørkhaugen Presentasjon av stillingen :
Me har no ledig 1-2 x 100% stilling i døgnturnus (medlever) for offentleg godkjent vernepleiar, med arbeid kvar 4. helg. På grunn av oppgåvene som skal utførast, vil berre kvinnelege søkjarar verte tilsett.
Om arbeidsplassen:
Habiliteringstjenester i Alver kommune gir tjenester til personer med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Det er oppretta eit bu tiltak for ein person som skal mota tenester frå eit eige team. Tiltaket vil vere administrert under Bjørkhaugen Bufellesskap.
Arbeidsoppgåver:
- Hjelp, rettleiing og helsehjelp
- Utarbeiding av mål og tiltak saman med brukar og verje/pårørande
- Pårørandesamarbeid
- Fagutvikling
- Dagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytinga
- Dokumentasjon av tenesteytinga, i Profil
Kvalifikasjonskrav:
- Offentleg godkjent vernepleiar
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, psykiske lidingar og utfordrande åtferd
- Evne og erfaring til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer
- Kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
- God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Førarkort klasse B.
Det vert krav om godkjent politiattest før tilsettjing.
Vi tilbyr:
Løn etter gjeldande tariffavtale
God pensjonsordning
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Bjørg Konglevoll Lunde, Mobil +47 99316642, Epost: bjorg.konglevoll.lunde@alver.kommune.no
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.