Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
Org. nr: 833974724 Stillingsident: 4197852582 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig ein fast 100% stilling som Hjelpepleiar/ Helsefagarbeidar ved Kirurgisk klinikk post 3. Stillinga inneber arbeid pt. kvar 3. helg i 2-delt turnus.
Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av Avdeling for gastro- og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdomar i heile mage-tarmsystemet. Posten har 18 senger og ca. 48 tilsette. Posten har ein stor del elektive pasientar, og mange er alvorleg og kritisk sjuke.
Kirurgisk klinikk post 3 jobbar tett saman med Kirurgisk Klinikk post 1, som har samme pasientgruppe.
Arbeidsoppgåver
- Pleie til kirurgiske pasientar, pre- og postoperativt
- Pleie til palliative pasientar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
- Relevant kirurgisk sjukehuserfaring
- Må ha kunnskap om EPJ
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg særs godt
Utdanningsretning
- Helsefagarbeidar / Hjelpepleie
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Tilpassingsdyktig og ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
- Sjølvstendig og engasjert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Marit Aarnes, Avdelingssjukepleiar, 55973599/ 95990023, marit.aarnes@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4197852582
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.