Interessert i fritidsaktivitetar ute? Då kan dette vere helgejobben for deg.
Fjaler kommune
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi treng ein aktivitetsleiar for fritidsaktivitetar for barn i Fjaler kommune. Er du glad i å vere ute, er dette noko for deg!
Vi har i fleire år hatt eit fast fritidstilbod i kommunen, og no treng vi ein vikar i som kan halde fram med dette tilbodet ut skuleåret med moglegheit for forlenging. Fritidsaktiviteten bygger på å bruke naturen som arena for meistring og samspel. Førebuing og tillaging av eit måltid er inkludert i aktiviteten.
Det er viktig at du er glad i vere ute, og har gode tankar om korleis bruke naturen som læringsarena. Det er og mogleg å legge opp til aktivitetar innandørs. Vidare er det viktig at du er ein trygg og tydeleg vaksen for barna som er med i aktiviteten.
Vi har to grupper som får tilbod om aktivitet. Første gruppa er for barneskulealder, og andre gruppa er frå ungdomsskulealder og oppover. Kvar av gruppene får tilbod om aktivitet ei helg i månaden. Aktiviteten varer i om lag 5 timar kvar gong. Ein får løn etter avtale for 10 aktivitetstimar, samt tid til førebuing og matinnkjøp. Vi treng vikar til fire økter, ein i månaden frå mars -- juni.
Det blir stilt krav til politiattest for aktivitetsleiaren.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Kristin R. Yndestad, Tlf: +47 57738103, Epost: Kristin.Rivedal.Yndestad@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Fjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.
Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.
UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
576460
- Sist endret
10. mars 2020
- Hentet fra
stepstone
- Referanse
vac2477253dep141709_Fjaler kommune_stepstone