Områdeleiar for Hallingdal Familie- og krisesenter
Org.nr.:964952612 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Hallingdal Familie -- og krisesenter er en interkommunal teneste som inkluderer nyoppretta barnevernvakt og et krisesenter tilbod. Tenesta er organisert under Gol Psykisk helse og rus. Totalt i tenesta er det ca. 20 årsverk, der Familie -- og krisesenteret vil representere ca. 7 årsverk.
Områdeleiar vil være en del av ei større leiargruppe i tenesta. Gol kommune har god leiarstøtte og eige oppfølgingsprogram som kan nyttast ved behov. Vi arbeidar for å få ein lærande organisasjon, ein organisasjon der vi anerkjenner dei tilsette sine styrkar. Vi ynskjer engasjement og måloppnåing.
Vi søkjer etter ein kollega som likar å arbeide med menneske, likar utfordringar og å arbeide i team. Du vil arbeide mykje sjølvstendig. Næraste leiar vil vera avdelingsleiar for Psykisk helse.
Arbeidsoppgåver:
• Leiing av eige område med ansvar for tilsette og faglige utvikling
• Planlegge for gode tenester og arbeidstidsordningar, samt leggje til rette for gode arbeidsforhold
• Samarbeid med interne og eksterne aktørar
• Utarbeide turnusar i samarbeid med tillitsvalte.
Kvalifikasjonar:
• Leiarerfaring og/eller utdanning
• Høgskuleutdanning innan helse- eller sosialfag, barnevern eller sosionom.
• Søkjar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Sertifikat for bil
Vi ynskjer at du har:
• Erfaring frå tilsvarande tenester, primært frå 1.linjetjeneste
• Kunnskap om lovverk innan fagfeltet
• Tydelig kommunikasjon og relasjonskompetanse
Vi ynskjer at du er:
• Ansvarsbevisst og arbeidar sjølvstendig og strukturert
• God til å samarbeide
• Løysingsorientert
• God til å handtere fleire oppgåver parallelt
• God til å skape tillit
• God til å tileigne ny kunnskap raskt
Vi tilbyr:
• Leiarløn etter avtale
• God pensjonsordning
• Varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Gode kollegaer og tett samarbeid i leiargruppa
For stillinga gjeld:
• Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
Anna:
• Gyldig politiattest må leggas fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Marianne Ødegaard Müller , Mobil +47 91673947
Om bedriften
«Gol er ein god stad å bu for alle»
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har eit flott og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Gol ligg midt mellom aust og vest med kort veg både til Oslo og Bergen. Kommunen er inkluderande og familievennleg, har ny grunnskule og ny fleirbrukshall. Vi kan også tilby god barnehagedekning og eit variert skuletilbod i vidaregåande skule