Navigatørar til samband på Indre Sunnmøre - langtidsvikariat
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6905 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Navigatørar i langtidsvikariat på samband på Indre Sunnmøre
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har behov for to langtidsvikarar i stilling som navigatør til ulike samband på Indre Sunnmøre! Dette er Stranda-Liabygda, Eidsdal-Linge, Hundeidvik-Festøya, Sæbø-Leknes og Standal-Trandal. Som navigatør blir du ein viktig del av eit profesjonelt team som leverer trygge og pålitelege tenester til reisande i vårt vakre fjordlandskap.
Skiftordning: 2 veke på / 2 veker fri. Til sommaren vert det ein periode med 3 veker på og 3 veker fri.
Tidsrom i vikariat: Frå no og ut året, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- Minimum D3
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Fleksibel
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Solveig Bjørnvold, Bemanningskoordinator, +47 47904789Arbeidsstad
Sunnmøre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4804629059
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 08.05.2024
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2630588
- Sist endret
9. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a5ddd2597ace4b389e99afc8263c25cb