Sekretær
Seksjon for internservice Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Sekretær
Oppstart
1. juni 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Servicetorget har ein viktig funksjon i sjukehuset sin organisasjon. Vi har behov for ein dyktig, nøyaktig og strukturert medarbeidar som kan vere med på å utarbeide dette fagområdet ved Seksjon for Internservice. Det vil vere eit tett samarbeid med andre tilsette på området. Stillinga vil medføre mykje variert og sjølvstendig arbeid innan service til pasientane, pårørande og tilsette.
Vi har ledig vikariat 100% stilling frå 01.06.24 -11.03.2025.
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- Service og informasjon til pasientar, pårørande og tilsette
- Sortering av inn- og utgåande post i helseføretaket
- Daglege driftsoppgåver
- Vidareutvikling og kvalitetssikring av området
- Delta i digitaliserings- og forbetringsprosessar
- Produksjon av ID, PULS og Adgangskort til alle tilsette
- Det kan bli endring av arbeidsoppgåver ved eventuell strukturendring av drifta
Kvalifikasjonar
- God IKT kunnskap og kompetanse
- Erfaring frå servicefunksjonar er ynskjeleg
- Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå teamarbeid
Personlege eigenskapar
- Gode framstillings- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, nøyaktig, strukturert og kvalitetsbevisst
- Utviklings- og løysningsorientert
- Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og endringsvilje
- Medverke til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Eva Britt Lervåg, Seksjonsleiar, +47 41689191Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4780992274
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2024
Sluttdato: 11.03.2025
Søknadsfrist: 22.03.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2587090
- Sist endret
23. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
88e406cc22434e54928a0673ab87a2bd