LIS 2/3 Indremedisin med rekrutteringstillegg
Voss sjukehus, Helse Bergen
Sjukehusvegen 16, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS 2/3 Indremedisin
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Voss sjukehus, Haukeland universitetssjukehus har ledig fleire faste stillingar for LIS2/3 i Indremedisin. Me vil gjerne ha deg med på laget! Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2,5 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater og nefrolog. Kardiolog er for tida i poliklinisk verksemd. Vi ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete.
I vår avdeling står faget i fokus og vi legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. Fast tilsette LIS2/3 ved Voss Sjukehus kan gjennomføre gruppe 1 teneste ved Haukeland Universitetssjukehus.
Vaktordninga er per no 6 delt med døgnvakt. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar.
For tida tilbyr me eit rekutteringstillegg på kr. 100.000,- (bindingstid 12 md.) samt sessongkort hjå Voss Resort slik at du kan gå rett frå jobb til gondolen som ligg 10 minutt unna for å nytte anlegget på kveld, helg og fridagar.
Arbeidsoppgåver
- Visitt på sengepost
- Poliklinikk
- Vakt
- Rettleiing av LIS1
- Internundervisning
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling
- Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg samt ha god skriftleg dokumentasjonsevne
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide saman med andre, men synest pasientar og pårørande er dei viktigaste
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
Vi tilbyr
- Stort fagleg engasjement
- Me vil at du skal lykkast med å oppnå fagleg vekst og meistring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kurs
- Rekrutteringstillegg og skikort
- Me bistår gjerne med å skaffe bustad, fint om dette i så fall er opplyst i søknad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gro Lillegraven, Seksjonsoverlege, 56 53 35 00, glil@ihelse.netMagnus W. Austefjord, Ass. seksjonsoverlege, 56 53 35 00
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4878129805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Magnus W. Austefjord
Ass. seksjonsoverlege
56 53 35 00
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2786504
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3482d765b173480698c2564619b16aaf