Praktisk bistand
Heimetenester, Ørsta kommune
Rådhuset, 6153 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Heimehjelp/ praktisk bistand
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ved Heimetenester sentrum er det ledig stilling som praktisk bistand. Vi søkjer etter ein engasjert og ansvarleg medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Vi jobbar med årsturnus og oppgåvedeling for å sikre drift heile året. Deler av stillinga er pleieoppgåver og arbeid på helg.
Arbeidsoppgåver
- Heimehjelp/praktisk bistand omfattar veiledning og praktisk hjelp i heimen, mellom anna reingjering, skifte sengetøy, klevask og handle daglegvare
- Utøving av helsetenester til mottakarar av heimetenester
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for dei som mottek tenester
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Du må disponere eigen bil i tenesta
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med arbeid frå liknade arbeid
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
- Du må ha førarkort klasse B
- Du må nytte digitale fagsystem
- Du må ha gode skriftlig og muntlig norskkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, løysingsorientert og søkjer ny kunnskap
- Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
- Er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert både sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til å kunne kommunisere med brukarane på ein god og forståeleg måte både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Arbeid på dag veke, inkl. helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6190 heimehjelp
Tilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Laila Bjørkedal, Avd.leiar, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4865728729
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2759500
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0d54b6701f3d4dc2becd864ca784a71c