Overlege med spesialisering
Spesialisert habilitering Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Overlege med spesialisering
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Vi søker etter to dyktige og engasjerte legar/overlegar til Spesialisert habilitering Sunnmøre i 2x100 % stilling. Det er ønskeleg med spesialisering innan psykiatri, nevrologi, fysikalskmedisin og allmennlege.
Spesialisert habilitering Sunnmøre er organisert som eigen seksjon i avdeling for sjukehuspsykiatri (Akutt psykisk helse, lokal sikkerheitspsykiatri, utgreiing og behandling psykisk helse og Alderspsykiatri). Det ligg ikkje vaktoppgåver til stillinga og arbeidstida er frå kl. 08:00 – 16.00, med fleksitidsordning. Det kan eventuelt vere moglegheit for å delta i vaktordning på avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, om ønskeleg.
Seksjonen gir tilbod til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Døme på tilstandar: tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologisk skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, der både individet og konteksten vert vurdert.
Arbeidet er variert, utfordrande og spanande, og du får tid til å arbeide systematisk med samansette problemstillingar.
Spesialisert habilitering har eit godt tverrprofesjonelt miljø som samarbeidar om tverrfagleg utredning, veiledning og oppfølging. Seksjonen har totalt 15 årsverk- fordelt på psykologspesialistar, vernepleiar, fysioterapeut, barnevernspedagog, sosionom, spesialpedagog og sekretær.
Alle tilsette har relevant vidareutdanning eller spesialisering innan fagfeltet.
Arbeidsforma vår er ambulant og poliklinisk, vi jobbar i tverrprofesjonale team ut fra pasient og kommunalt behov. Vårt geografiske område er flotte Sunnmøre. Seksjonen disponerer eigne bilar til ambulant arbeid.
Vi legg opp til at du skal ha gode moglegheiter til å knytte deg til kollega innan habilitering i regionen og nasjonalt. Det er gode samarbeidsforhold i helseføretaket mellom ulike spesialistar innan psykiatri, nevrologi og fysikalskmedisin. Det vil vere rom for vidareutvikling, fagleg fordjuping og høve til forskning/prosjektarbeid retta mot målgruppa.
Vi er lokalisert i flotte moderne lokaler ved Ålesund Sykehus, 15 min frå Ålesund lufthamn, Vigra.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Arbeidsoppgåver
Diagnostikk og utreding, behandling, hablitering og langtidsoppfølging av pasienter
Rettleiing, rådgjeving og undervisningsoppgåver til pasient, pårørende og personalgrupper i kommunene. Rådgjevande funksjon til medisinskfaglege problemstillingar knytt til pasientar, pårørande og primærhelsetenesta vedrørande f.eks:
- Komorbide tilstandar
- Adferdsproblematikk
- Nevroutviklingsforstyrrelsar
- Nevromuskulære, nevromotoriske og genetiske tilstandar
Bidra med medisinskfaglig drøfting internt i tverrfagleg behandlingsteam.
Rettleiing, rådgjeving og undervisningsoppgåver til personalgrupper i kommunene.
Bidra i rettighetsvurdering i henvisningsmottak.
Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid.
Delta og bidra inn mot nettverks- og kompetansebygging lokalt og nasjonalt.
Kvalifikasjonar
- Lege med relevant spesialisering
- Det er ønskelig med kompetanse innan;
-utredning av etiologi, utredning og behandling av tilleggsdiagnoser,
-juridisk, organisatorisk, tverrfaglig sammarbeidskompetanse - Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
- Må ha førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er god på teamarbeid og har evner til å samarbeid med kollega, pasientar, pårørande og nettverk
- Du er engasjert i pasientgruppa, trivast med å oppdatere deg fagleg og samarbeide om varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Du kan raskt sette deg inn i nye arbeidsoppgåver og metodar
- Du meistrar å skape trygge relasjonar og kan kommunisere med vaksne menneske med kognitive funksjonsnedsettingar
- Du veit når du skal søke annan kompetanse, og rettleiing frå kollega
- Du trivast med rettleiing og undervisning
- Å være personlig eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Varierande spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Rom til fagleg fordjupning
- God og fleksibel arbeidstidsordning
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Kontaktinformasjon
Anne Jensen, Seksjonsleder, +47 48090563, anne.jensen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4839147609
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2706728
- Sist endret
9. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6cb0139814d14e32a3b9cbcaad28d09d