Har du lyst til å vere ferievikar på Institusjonane i sommar ?
Volda kommune, Institusjonstenester
Bømarka 8, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
20
I tidsrommet 17 juni - 11 aug kan vi tilby inntil 100 % stilling som ferievikar i avdeling Institusjon. Vi treng vikarar på desse seksjonane, Selje-/Hasletunet , Pile-/Kleppetunet , Otta-/Karvestova og Korttidsseksjonen på Volda Omsorgssenter og på Hornindal Omsorgssenter.
For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på kr 10.000,- per person.
For personar som har arbeidsstad i Hornindal er stipendet kr 20.000,-. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema.
https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad om kompetansemidlar til utdanning
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Vi søkjer etter ferievikarar retta mot pleie ved sjukeheimsavdelingane ved Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter.
- Det blir i tillegg søkt etter vikar på vaskeria ved omsorgssentera i delar av ferieperioden
Kvalifikasjonar
- Vi treng både sjuke-/vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i institusjonstenesta.
- Ønske om at du har relevant praksis / erfaring
- Søkjerar må meistre norsk både munnleg og skrifteleg flytande.
- Det vert stilt krav om politiattest for alle som tek til i jobb i kommunal helse- og omsorgsteneste. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
- Du må ha gyldig arbeid- og oppholdstillatelse.
Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
- Ha interesse av å arbeide med mennesker i ulike fasar i livet.
- Kunne ta ansvar.
- Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur.
- Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig.
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap.
- Vere løysingsorientert og ha gode haldningar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber også om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden.
I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin;
- Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
- Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*)
- Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
- Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent
* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.
Tilsettingar vert gjort fortløpande.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noSigrid Saanum, Seksjonsleiar Pile /Kleppetunet, 99228370
Elsebeth Melle, Seksjonsleiar korttidsseksjonen, 91130521
Kwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleder Otta-/Karvestova, 94139817
Liv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter, 90768467
Arbeidsstad
Bømarka 86100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4741866086
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2513914
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31bf2a8d22644fb08c1107a6e02d71fb