Ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO
Rubbestadneset skule, Bømlo kommune
Ramskleiva 49, 5420 Rubbestadneset
Om jobben
Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 75%
Arbeidstid
Ukedager
Antall stillinger
1
Bømlo kommune søkjer barne- og ungdomsarbeidar ved Rubbestadneset skule. Stillinga er eit vikariat i 75% frå 06.03.23- 21.06.23 i skule og SFO.
Rubbestadneset skule er ein 1.- 7. skule med ca. 155 elevar og 26 tilsette og ligg fint plassert i bygda, Rubbestadneset. Delar av skulen er nyoppussa, har basseng og stor uteområde med lett tilgang til turløype. Skulen er lærarutdanningsskule og har tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Skulen gjev tilbod om SFO for elevar på 1.-4. trinn.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av elevar med særskilte behov.
- Assistentoppgåver i undervisningssituasjonar.
- Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for elevar både inne og ute.
- Arbeid på SFO, før og etter skuletid.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller annan relevant utdanning retta mot barn og unge.
- Det er ein fordel om du har erfaring med IKT som arbeidsverktøy.
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som:
- Er ein lagspelar med god relasjonskompetanse og godt humør.
- Tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig.
- Er ein tydeleg og god rollemodell for elevane.
- Er fleksibel, løysingsorientert og tolmodig.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med kjekke elevar og kollegaer.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Det må leggjast fram gyldig politiattest ved tilsetjing. For meir informasjon om stillinga, kan rektor Tone Baugstø kontaktast.
Kontaktinformasjon
Tone Baugstø, Rektor, 990 34 994Arbeidsstad
Ramskleiva 495420 Rubbestadneset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommuneReferansenr.:4608319361
Stillingsprosent: 75%
Vikar
Søknadsfrist: 06.02.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2227859
- Sist endret
7. februar 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
84c071b86ae945eab7a02bd79f2cfdc2