Undervisningsstilling i fellesfag
ARS - ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune
5054 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling i fellesfag
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minorietsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.
Vi har ledig:
Inntil 100 % vikariat i norsk for skuleåret 2024/2025
Arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Tverrfagleg arbeid på alle trinn
- Funksjon som kontaktlærar kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse i norsk
- Undervisningskompetanse i fleire fag er ønskjeleg
- Pedagogisk utdanning
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og lagtenking - både internt og eksternt
- Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring
- Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegar
- Pedagogisk og fagleg nyfiken
- Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet
- God profesjonsfagleg digital kompetanse
Vi tilbyr
- Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.arstad.vgs.no. Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar. Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Håkon O. Berdinessen, Avdelingsleiar, 48194401, hakon.olsbo.berdinessen@vlfk.noKari Danielsen, rektor , 99479832
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4812343680
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 09.06.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2660204
- Sist endret
10. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e1803167d41f4294bd9a0867fe8ec685