Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, Eining for sikkerhet og rehabilitering Valen
Org. nr: - Stillingsident: 4384424155 Presentasjon av stillingen:
Eining for sikkerhet og rehabilitering spesialavdeling med til saman åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av døgnbehandlingsplassane er for kvinner med valds- og farligheitsproblematikk, fire av plassane er tiltenkt forsterka rehabilitering for pasientar med sikkerheitsproblematikk og dei resterande plassane er tiltenkt andre pasientar med behov for forsterka rehabilitering.
Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.
Vi samarbeider nært med Eining for sikkerhetspsykiatri, og har mange felles aktiviteter og tilbod til pasientane.
Eining for sikkerhet og rehabilitering har ledig hjelpepleiar/helsefagarbeiderstilling frå og med 01.06.21.
Arbeidsoppgåver
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar skal gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling for å oppfylle dei mål som er sett for kvar einskild pasient
- Viser til stillingsbeskriving for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved Eining for sikkerhet og rehabilitering.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- For å oppretthalde samansetninga av personalgruppa oppfordrast menn til å søkje
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Sjukepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
- Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg
Kontaktinformasjon
Maren Elise Skogseth, Funksjonsleiar, 53466482
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 26
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4384424155
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.06.2021
Søknadsfrist: 18.05.2021
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.