Kvednatunet
Øygarden kommune Kvednatunet
Kvernatunvegen 9, 5347 Ågotnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for personar med demens diagnose. Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Det er felles sansehage, post kjøkken og stove i alle bufellesskapa. Kvednatunet har eige Produksjonskjøkken og dagavdeling for heimebuande.
Kvednatunet er ein triveleg arbeidsplass som ligg sentralt på Ågotnes, ca 10 minutt frå Straume.Vi har frå januar ledig stilling som avdelingsleiar for to av bufellesskapa.Demografiske utfordringar gjer at vi treng å være innovative og løysningsvillige, sjølv i ein travel kvardag. Er du ein modig omtenksam leiar som liker å jobbe tett på dine medarbeidarar? Er du opptatt av kvalitet og utfordringar? Vi håper at du er den rette og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.
Arbeidsoppgåver:
- Delegert personal- og fagansvar. Opplæring og oppfølging både fagleg og administrativt.
- Sikre kostnadseffektive tjenester og god ressursutnytting innafor tildelte rammer
- Rettleie og støtte personalet for å sikre god fagleg utvikling og trivsel
- Kjennskap til kontinuerleg forbetring- og utviklingsarbeid. Sikre at brukarane får forsvarlege tenester
- Arbeide tett med leiar og avdelingsleiar.
- Turnusarbeid, sikre fagleg forsvarleg drift
- Delta i møteverksemd der avdelingsleiarar møtes.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Helsefagleg høgskule utdanning – fortrinnsvis sjukepleiar
- Det er krav om praktisk leiarerfaring med personalansvar og / eller formell leiarutdanning
- Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Erfaring med turnusarbeid
- Erfaring med omstillingsarbeid
Personlege eigenskapar:
- Utøver relasjonelt og inkluderande leiarskap
- Evner og har fokus på å engasjere, inspirere og motivere medarbeidarar
- God relasjonskompetanse, er glad i mennesker og har gode kommunikasjonsevner
- Arbeider strukturert og målretta, engasjert i omstillingsarbeid.
- Trivs med og toler høgt tempo og eit mangfald av arbeidsoppgåver
- Ser moglegheiter framfor avgrensingar i dagleg drift og som tør å tenkje nytt og utfordre etablerte ordningar der det er hensiktsmessig.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande jobb.
- Eit godt arbeidsmiljø der vi saman er opptatt av å finne gode løysingar
- Ei avdeling med erfarne, fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordninga
- IA-bedrift
- Gratis parkering
Anna :
Kontakt:
- Einingsleiar: Ingrid-Alice Ingebrigtsen
- Telefon: 975 372 43
- ingrid.ingebrigtsen@oygarden.kommune
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillingaLink til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2768070
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3415943_192447_nn