Vi søkjer sjukepleiar
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vi har gleda av å kunne lyse ut 3 ledige stillinger på Nevrologisk avdeling:
75% fast stilling på natt, 100% fast stilling i 3 delt turnus på sengepost og 100% vikariat kombinert stilling med poliklinikk og sengepost.
Nevrologisk avdeling består av poliklinikk, EEG laboratorium og ein sengepost. På sengeposten har vi per dags dato 14 sengeplassar, 6 på slagseksjonen og 8 på generell nevrologisk seksjon. Vi har fokus på akutt behandling og tidleg rehabilitering. Avdelinga samarbeider tett med andre faggrupper som fysio-ergo- terapeut, logoped med meir. Vi har fokus på fag og kvalitet. Kursdagar og personalmøter ligg fast i turnus.
Nevrologi er eit spennande fagfelt som stadig er i utvikling. Vi behandlar både akutte og kronisk sjuke pasientar.
Det er hos oss viktig å sjå det heile mennesket, både dei fysiske problema men også dei psykososiale. Å jobba hos oss gir varierte arbeidsdagar. Du kjem i kontakt med gode kollegaer, og får ansvar for både pasientar og pårørande deira.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Utføra generelle sjukepleie prosedyrar og få kompetanse i mer spesialiserte oppgaver, f. eks assistering ved spinalpunksjon, gi intravenøs medisinbehandling knyttet til nevrologi og håndtering av tracheostomi
- Gi opplæring til pasient og pårørande
- EEG
- Polikliniske konsultasjonar
- Assistering på botox pol.
- Inngå i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane best mogleg opphald på avdeling
- Gi omsorg til pasient og pårørande
- Rettleia studentar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Gode IKT - kunnskapar, gjerne erfaring med DIPS og Meona
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske -statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har motivasjon og er interessert i fagfeltet
- er punktlig, påliteleg og har god arbeidsmoral
- bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- kan arbeida sjølvstendig og i team
- er god på å kommunisere med pasientar, pårørande og kollegaer
- er fleksibel
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Vi tilbyr
- God opplæring (opptil 2 veker), med hovedvekt på dagtid. Ingen helg før etter passert 4 uker på sengeposten
- Varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring på spesialkompetanse på tracheostomi
- Fagleg utvikling gjennom kursdagar i turnus og moglegheit for vidareutdanning i nevrosjukepleie
- Verneombud, tillitsvalgt, kollegastøtteordning, fagsjukepleiar m.m.
- Ein spennande avdeling med godt arbeidsmiljø
- Gode pensjon-og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ida Gabrielsen, Funksjonsleiar, +47 92898301Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4875314948
Stillingsprosent: 100, 75%
Fast, Vikariat
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Ida Gabrielsen
Funksjonsleiar
+47 92898301
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2786512
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ae2199704e8d480d9b35d2abb5ddb2a3