Ferievikarar
Ved Bu, miljø og mestring har me ledige vikarstillingar for sommarferien, veke 25 – 32, 19. juni til 13. august:
Ferien er inndelt i 2 puljer, - 4 fortløpande veker kvar. Me treng vikarar til medlevarstillingar (2/7, 2/7, 3/7) i 100 %.
Arbeidet består i å gje miljøterapeutisk bistand til personar som har utfordringar innan rus/psykiatri og som bur i tilknytta bufellesskap og andre i målgruppa som bur i eigen bustad.
Skriv tydeleg om søknaden gjeld for ein eller begge 4-vekers periodane, og om det gjeld første eller andre pulje.
Søknadsfrist er 31.03.23 men tilsetjing skjer fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Bistand med daglege aktivitetar og rutinar for bebuerane.
- Pådrivar for å legge til rette og bidra til at bebuerane skal oppleva trygghet og mestring
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller relevant videregåande fagutdanning
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid og/eller rusomsorg er ein fordel
- Personlege eigenskapar
- Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overenskomst
Kontaktinformasjon
Tore Bøe Olsen, Einingsleiar Helse og Rehab, 53 74 82 11/ 974 10 814Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4605862467
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.03.2023
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.