Ledige vikariat som lege i spesialisering i radiologi
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ledige vikariat som lege i spesialisering i radiologi
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledige to vikariat som lege i radiologi med varigheit 6 - 12 månadar med moglegheiter for forlenging. Oppstart etter avtale. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga.
Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig utvikling. Avdelinga har ein ny og moderne utstyrspark og eit eige senter fornukleærmedisin og PET. Vi har 6 MR-maskinar, 6 CT-maskinar. Vi nyttar SectraPACS og RIS. Det er til ein kvar tid tilknytta Ph.d-stipendiatar til avdeling, og avdelinga deltar i både nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Avdelinga har fokus på HMS og kvalitetsarbeid.
Avdelinga er inndelt i 7 legeseksjonar:
Seksjon for Barneradiologi
Seksjon for Uro/kar/intervensjonsradiologi
Seksjon for Gastroenterologisk og onkologisk radiologi
Seksjon for Thoraxradiologi
Seksjon for Mammaradiologi og screening
Seksjon for Nevroradiologi
Seksjon for Ortopedisk radiologi
LIS har teneste på alle seksjonar, rotasjon kvar 6 månad. Nye utan erfaring LIS vil ha ein opplæringsperiode på 12 veker før dei startar i vakt. Stillingane inngår for tida i ei 16-delt vaktordning. Viser elles til Helsedirektoratet sin utdanningsplan for spesialiteten.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på seksjonane, beskriving av undersøkingar, vurdering av tilvisingar og demonstrasjonsførebuing saman med overlege
- Relevante prosedyrar som tilhøyrer dei ulike seksjonane, etter opplæring og under supervisjon
- Arbeid på ultralyd og i Mottaksklinikken etter gjeldande plan
- Vaktarbeid, for tida i 16-delt tilstadevakt
- Du vil få personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt utdanningsprogram, inkludert internundervisning
- Deltaking i undervisning og kurs relevante for spesialiteten
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i Radiologi
- Søkarar må ha gode kunnskapar i norsk, B2-nivå både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper i og utanfor avdelinga
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Du følger opp delegerte oppgåver
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø i ei travel avdeling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Eric Alexander Resnes, Overlege, 55 97 09 07, eric.alexander.resnes@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4852867088
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.10.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2730895
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1f14d4ced7f44263927fd96ba11cf72a