Finn du løysingar for den enkelte i arbeidslivet?
Grunna meirarbeid for ein avgrensa periode, vert det lyst ut ei stilling på 100% for same periode, frå 1.mai 2024 til 15.august 2025. Stillinga kan verte forlenga etter perioden går ut.
Arbeidsoppgåver:
· Vil variere alt etter oppgåver verksemda til ei kvar tid har
· Fylgje opp elevar og deltakarar gjennom kartlegging, kompetansebygging, opplæring og tilrettelegging av arbeidsoppgåver, inkludert ansvar for opplæringsplanar.
· Oppfylginga i ein-til ein-læresituasjon, kombinert med rettleiing i grupper
· Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med NAV, fylkeskommune, skular og eksterne arbeidsgjevarar
· Oppnå resultatmål og fylgje kravspesifikasjonar og opplæringsplanar
· Planlegging og utvikling
· Rapportering
· Handtering og vedlikehald av maskiner og utstyr, samt IKT-verkty.
Kvalifikasjonar:
· Utdanning eller arbeidserfaring frå liknande oppgåver
· God kjennskap til utdanningssystemet og lovverk knytt til utdanning.
· Skriftleg og munnleg framstillingsevne
· Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar:
· Sette elevar og deltakarar i sentrum
· Positive haldningar og gode samarbeidsevner
· Evne til å arbeide løysingsfokusert og å sjå moglegheiter
· Vere målretta og resultatorientert
· Vere kreativ og praktisk
Personlege eigenskapar vert vektlagt i tilsettinga
Vi tilbyr:
· Varierte arbeidsoppgåver
· Opplæring og kompetansetiltak
· Kvalitet og arbeidsglede i fokus
· Løn etter gjeldande lønsvilkår
· Pensjonsordning
Arbeidsstad:
· Vevang Produksjon
· Fjaler som arbeidsområde
Om bedriften
Vevang Produksjon AS er lokalisert sentralt i Fjaler kommune som har om lag 2870 innbyggarar og utgjer ein del i HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 7900. Verksemda er eigd av Fjaler kommune.
Vevang Produksjon AS er ei vekstbedrift som leverer tenester til det offentlege og andre kundar innan arbeid, velferd, inkludering, kartlegging og kompetansebygging og framstilling av tenester og produkt i høve etterspurnaden.
NAV er den største enkeltkunden vår på tenester. Intern og ekstern produksjon er arena for attføringsarbeidet verksemda utfører. Vareproduksjonen er variert og kundane er fleire.
Vi er om lag 25 tilsette og 7 deltakarar på arbeidsførebuande trening der 9 tilsette utgjer leiargruppa i verksemda. I tillegg tilbyr vi tilrettelagt opplæring til elevar under vidaregåande opplæring. Instruktøren vil vere ein del av leiarteamet.