Miljøterapeut
Me søkjer:
Miljøterapeut i 70% fast stilling ved Hauatun, eining rus og psykiatri.
Stillinga er ledig frå 01.09.2021.
Hovudarbeidsoppgåver
Miljøarbeid, tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål, behandling, individuelle samtalar, deltaking i ansvarsgrupper, rettleiing og undervisning av anna personale, IP, forhalde seg til nye retningslinjer, samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og,- eller rusarbeid.
- Sosionom
Andre opplysningar
- Arbeidstida er turnus med vakt kvar 3. helg
- Hauatunet er eit døgnbemanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordingar.
- Må ha sertifikat/bruk av eigen bil kan førekomme.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein person som er:
- Engasjert og løysingsorientert
- Har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Har ein robust, trygg og open personlegheit, og har god arbeidskapasitet
- Utholdande og tolmodig
- Har god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre og er reflektert
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.