Ungdomsarbeidar 50% stilling
Voss herad SLT/ungdomsarbeid
Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomsarbeidar 50% stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. februar
Om arbeidsstaden
Stillinga er knytt til møteplassane og aktivitetane som ungdomsavdelinga driv, ungdomsklubben Vangsgryto, Ungdomshuset, Open hall og oppsøkjande arbeid der ungdom er.
Arbeidsoppgåver
Som miljøarbeidar i ungdomsavdelinga vil du vera med på den daglege drifta av tilboda til avdelinga og ha direkte kontakt med ungdom. Deler av stillinga vil vera knytt til administrasjon, planlegging og marknadsføring av tilboda.
Me ynskjer søkjarar med:- fagarbeidar, barn- og ungdom, anna relevant utdanning/erfaring kan bli vurdert.
- gode samarbeidsevner
- erfaring frå arbeid med ungdom
- kunnskap om ungdom og relasjonsbygging
- evne til å arbeida sjølvstendig
- Trygg, fagleg sterk og engasjert vaksen.
- Blid, omgjengeleg og ein god lagspelar.
- Strukturert og fleksibel.
- Meistrings- og utviklingsorientert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr:- ein innhaldsrik og utfordrande arbeidskvardag saman med flott ungdom og gode kollegaer
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på kommunale vilkår.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2841609
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3454859_212783_nn