Lege i spesialisering i radiologi
Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Bjørnstjerne Bjørnsons veg, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS) i radiologi
Oppstart
1. september 2024
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Radiologisk avdeling har eit utstrekt samarbeid med kliniske avdelingar. Til saman utfører avdelinga rundt 100 000 undersøkingar kvart år, fordelt på alle modalitetar.
Avdelinga har samarbeid med St. Olavs hospital om gjennomføring av deler av spesialistutdanninga.
I 2025 står det nye sjukehuset (SNR) klart og skal takast i bruk i løpet av første halvår. Der vil vi mellom anna få fylkets første 3 Tesla MR.
Vi har no ledig fast stilling som LIS i radiologi. Oppstart frå 01.09.2024, eller etter nærare avtale med avdelinga.
Ved evt. internt opprykk kan det bli ledig vikariat
Radiologisk avdeling i Molde/Kristiansund er ein god stad å starte for fersk LIS3. Vi har god breidde i undersøkingar, dedikerte overlegr og ei god og inkluderande LIS-gruppe.
Vi arbeider kontinuerleg med opplæringsopplegg for nye tilsette, og har tilgang til gode ressursar på nett. Opplæring skjer i hovudsak i Molde, men ta også gjerne kontakt om du ønskjer å bo i Kristiansund.
Attestar og tenestebevis frå evt tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
Som LIS i radiologi vil du få opplæring i og arbeide med røntgen, CT og ultralyd, og etter kvart radiologiske intervensjonar. MR-opplæring kjem når ein har noko erfaring. Arbeidet består i å beskrive bilete, utføre ultralyd, kommunisere med klinikar om undersøkingar, og etter kvart ha demonstrasjonar av bilete for klinikerar. Stillinga inneber deltaking i vakt, som for tida er åttedelt. LIS har tilstadevakt, med overlege i bakvakt, delvis med heimevakt.Kvalifikasjonar
- LIS i radiologi må ha gjennomført norsk LIS1, eller turnusteneste etter gammal ordning, for å kunne starte i spesialiseringsløp.
- Må meistre norsk språk (ev. svensk/dansk), og ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståing
- Gode evner til samarbeid. Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, med radiografar og med andre faggrupper
- Ein bør vere lærevilleg og fagleg interessert
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Odd Arne Haram, Avdelingssjef, 41422916, Odd.Arne.Haram@helse-mr.noMartin Grotnes, Seksjonsleiar, +47 71122395, martin.grotnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Bjørnstjerne Bjørnsons veg6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4822596083
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 31.07.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2692882
- Sist endret
1. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9cfcdcd7877149b6aaa7e6827e9d2101