Førstekonsulent i studieadministrasjonen - st. nr. 7/2019
Jobbnorge ID: 165377
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda er det ledig ei fast heil stilling som førstekonsulent frå 1.4.2019. Stillinga er plassert i førstelinjetenesta i studieadministrasjonen. Førstelinjetenesta har ansvar for informasjon, rettleiing og bistand til søkjarar, studentar, tilsette og gjestar. Stillinga har studiedirektøren som næraste overordna.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter kandidatar med relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå og gode kunnskapar i norsk og engelsk (munnleg og skriftleg). Det er ein fordel med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren. Stillinga krev også generelt gode IT-kunnskapar. Kjennskap til administrative dataprogram er ein fordel. Søkjaren må ha relevant arbeidserfaring.
Søkjaren må ha gode evner til samarbeid, fleksibilitet og kommunikasjon. Den som vert tilsett bør vere utviklings- og løysingsorientert og opptatt av å yte sørvis. Ein må kunne arbeide sjølvstendig og i team.
Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagt.
Arbeidsfelt
. Ansvar for studieadministrasjonen sine nettsider
. Rettleie søkjarar og studentar
. Sakshandsaming
. Oppdatere informasjon om våre tenester m.m.
. Delta i ulike vakttenester
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte ettersom ein jobbar i eit team der ein rullerer på arbeidsoppgåvene. Arbeidsfelta kan verte endra.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit hektisk og spanande arbeidsmiljø med stor breidde, høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: førstekonsulent 1408 frå kr 442 400 - 497 500.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV
Søknadsfrist: Søknadsfrist: 6. mars 2019
Kontakt
Spørsmål kan rettast til studiedirektør Gonnie Smit, tlf. 70 07 50 50 eller 411 01 024 eller til seniorrådgivar Ragnhild Paulsen, tlf. 70 07 50 25 eller 906 34 665.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.