Ledig fagarbeidarstilling ved Vågå ungdomsskule skuleåret 2024/2025
Vågå Ungdomsskule
Vågå
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Engasjement, deltid 74%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Frå 01.08.2024 har Vågå ungdomsskule ledig eit engasjement som barne- og ungdomsarbeidar for skuleåret 2024-2025.
Vi søker etter ein fagarbeidar som kan vera ein trygg og tydeleg vaksenperson i klasserommet og i skulekvardagen, og som kommuniserer godt med ungdom. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
· Stillingsstorleik 74,8%
Denne fagarbeidarstillinga vil bli knytt opp mot eit årssteg, der ein er med inne i klassene i undervisninga.
Våre overordna mål er:
· Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
· Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.
Søknadsfrist: 20. mai
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte: Helen Øygarden-- rektor Vågå ungdomsskule på tlf. 91194130 eller e-post: helen.oygarden@vagaskulane.no
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vågå ungdomsskule vil skuleåret 24-25 ha om lag 142 elevar. Vågå kommune er MOT-kommune. Hovudmålet i grunnskulen i Vågå er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2639173
- Sist endret
2. mai 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
70ad4b64-6d29-41a5-ba42-23824392ee43