Miljøterapeut i barnevernstenesta
Stad kommune har frå 12.08.2024 ledig 100% fast stilling som miljøterapeut i barnevernstenesta. Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid.
Som tilsett i barnevernstenesta vil du bli del av eit godt og stabilt fagmiljø som er opptekne av høg fagleg standard. Vi har 7,5 stillingsheimlar og er inndelt i team; melding, undersøking og hjelpetiltak, omsorg utanfor heimen og miljøterapeutar.
Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst. Vi har felles barnevernsvakt med Gloppen og Stryn kommunar.
Arbeidsoppgåver
- Ulike tiltak heimla i barnevernslova. Til dømes miljøterapeutiske tiltak i heimen, rettleiing til foreldre og fosterforeldre, tilsyn, nettverksarbeid.
- Oppstart, utføring og evaluering av tiltak skjer i tett samarbeid med sakshandsamar.
- Arbeidstida er hovudsakleg måndag - fredag 08.00 - 15.30, men du må pårekne noko arbeid ut over alminneleg kontortid for å treffe familiane når dei er tilgjengelege.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule-/universitetsutdanning, minimum tre år.
- Erfaring frå barnevernfaglig arbeid eller anna relevant familiearbeid/rettleiingsarbeid.
- Gjerne relevant vidareutdanning/kursing, eventuelt at du kan gjennomføre opplæring/kursing i metodar for å stette behov/lovkrav.
- Gyldig politiattest skal leggjast fram før start i stillinga, jamfør barnevernslova § 12-11 første ledd.
- Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil.
- Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gode datakunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Kan bygge og bevare relasjonar, både i motgang og medgang.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og kan leie samtalar og møter.
- Er omsorgsfull, trygg og tydeleg.
- Er engasjert, løysingsorientert, kreativ og fleksibel.
- Har stor arbeidskapasitet og kan prioritere mellom arbeidsoppgåver.
- Kan arbeide planmessig og strukturert.
- Har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling.
- Kan jobbe både sjølvstendig og i team.
- Har varme, er positiv, lojal og pliktoppfyllande.
- Likar og toler høgt arbeidstempo.
- Har evne til å reflektere over eigen praksis.
- Held deg fagleg oppdatert.
- Aktivt bidrar til eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ekstern rettleiing.
- Moglegheit for vidareutdanning/kursing.
- Eininga disponerer eigen bil.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk og moglegheit for kompetansetillegg.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Flyttegodtgjersle.
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Britt Remme, Einingsleiar barnevern, +47 95 07 88 76, britt.remme@stad.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4781489701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2024
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/