Politiførstebetjent/spesialmedarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4055672707 Presentasjon av stillingen:
I Vest politidistrikt, for tida GDE Sogn og Fjordane, tenesteeining Sunnfjord, tenestastad Flora, er det ledig stilling som politiførstebetjent SKO 0285 med funksjon som spesialmedarbeidar. Stillinga er organisatorisk plassert i Florø under tenesteeiningsleiar i Sunnfjord, med tett samarbeid med tenestestadsleiar, straffesaksansvarleg i tenesteeininga, FEE og FSI. Tenesta medfører noko skiftarbeid.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking innan alle typer saker ved Flora politistasjon
- Leie etterforsking i enkeltsaker
- Delta i vakt og beredskap
- Organisere og sikre kvalitetsmessig god og effektiv oppgåveløysing innan straffesaksarbeidet i samsvar med gjeldande lovverk, regler og instruksverk, og politidistriktet sine føringar
- Påse nødvendig rettleiing og oppfølging av etterforskare
- Andre oppgåver pålagt av overodna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3
- Brei politifagleg erfaring, minimum 3 år innan etterforsking
- Søkjar må være IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
- Erfaring med bruk av politiets IKT innen etterforskning og etterretning
- God munnleg og skriftleg framføring
- Videreutdanning innan etterforsking er ein fordel
- Erfaring frå å handtere media er ein fordel
- Kunnskap om politiet sitt planleggings- og styringsverktøy er ein fordel
Utdanningsnivå
- politiskule/politihøgskule
Personlege eigenskapar
- Vere tett på, modig, heilskapsorientert og vise respekt
- Ha evne til å prioritere, arbeide systematisk og ha god gjennomføringsevne i hektiske og pressa situasjonar
- Evne til å byggje gode relasjonar og samhandle internt og eksternt
- Endringsvillig og nytenkande innan fag og metode
Vi tilbyr
- Stillinga som politiførstebetjent SKO 0285 blir lønna i spennet frå ltr 61 / kr 534 100,- til ltr 64/ kr 565 500,- brutto per år
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Dag Fiske, Tenesteeiningsleiar, 57723711
Wenke Hope, Tenestestadsleiar, 57758841
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Strandavegen 13
6900 Florø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Politiet
Referansenummer:201903152
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 07.05.2019
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.