Nesbukti pleie og omsorgssenter - Helsefagarabeidar 85-100 % fast stilling
Nesbukti Pleie- Og Omsorgssenter
Nesvegen 10, 3840 Seljord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
1. november 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
85 -100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Nesbukti pleie og omsorgssenter frå 1.11.24.
2. gongs utlysing
Interessant? Då håpar vi du les vidare!
Korleis er det på Nesbukti pleie og omsorgssenter?Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på skjerma avdeling for demente, 5 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.
Vi meiner at samhald, positivitet, samarbeid og engasjerte kollegaer er viktige verdiar, og vi tenkjer at dette gjer oss til ein god arbeidsplass.
Får vi deg med på laget?
Dette tilbyr vi degMe har ein spanande arbeidsplass, med ei aktiv korttidsavdeling med augeblikkeleg-hjelp plass, somatisk- og skjerma eining. Hos oss får du moglegheit til å drive fagutvikling og kompetanseheving saman med mange dyktige kollegaer. Me kan tilby høg fagleghet, me har fokus på personsentrera omsorg, tillitsskapande tiltak og god livskvalitet for den enkelte. Me har stort fokus på primærsjukepleie til våre pasientar, me er opptatt av kontinuitet, god samhandling med pårørande og kva som er viktig for pasienten.
Arbeidsoppgåvene vil til dømes vere kliniske vurderingar, overordna ansvar for sjukepleie faglege oppgåver, oppfølging og vurdering av iverksatte tiltak, medisinsk oppfølging og pleie- og omsorg til våre pasientar.
Du vil få grundig opplæring saman med erfaren sjukepleiar, som også vil fungere som kontaktperson i etterkant av opplæringa.
Ynskjer du fagleg utvikling, og ta vidareutdanning? Me har gode avtaler som legg til rette for at tilsette får personleg vekst og moglegheit til kompetanseutvikling.
Me har som mål å vera ein stabil praksis kommune for studentar og har inngått eit samarbeid med USN om å vera ein praksiskommune. Me har også godt samarbeid med vidaregåande skular i Telemark og har ofte elevar i praksis.
Nesbukti pleie og omsorgssenter er med i det nasjonale læringsnettverket TØRN der me skal sjå på fordeling av oppgåver og organisering av arbeidstid for å sikre kontinuitet og betre ressursstyring i tenestene. Me er også i startfasa med å planlegge årsturnus og i denne forbinding ser me på moglegheita for å jobbe 6. kvar helg.
Seljord kommune er vertskommune for etablering av interkommunalt simuleringssenter i Vest Telemark. Senteret har lokalisasjonar i Seljord. Kanskje blir du vår nye ressursperson i simulering? Du vil bli ein del av den lokale ressursgruppa og få sett av tid i turnus til å jobbe med simulering.
Vi tilbyr gode pensjonsordningar i KLP. Seljord kommune er ein IA -- bedrift
Kvalifikasjonar· Formell utdanning og norsk autorisasjon dersom du er helsefagarbeidar
· Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Seljord kommune.
Eigenskapar· Erfaring frå liknande arbeid, men ikkje eit krav
· Gode samarbeidsevner og likar å jobbe med og for menneske
· Gode kommunikasjonsferdigheiter
· Fleksibel og god arbeidskapasitet
· Positiv, løysingsorientert og engasjert
· Bidra til eit godt arbeidsmiljø, og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø, i samspel med andre
· Sjølvstendig og ansvarsbevisst, men som og søkjer samarbeid for å nå best mogleg resultat
· Vi vektlegg personlege eigenskapar
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?Nå manglar du berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Dersom interne omrokkeringer tilset vi også i desse.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Har du spørsmål? Ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332
e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no
Søknadsfrist 31.10.2024Om bedriften
Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på skjerma avdeling for demente, 5 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2748744
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6fe69b96-4631-4341-b737-e6c7524915a0