Sjukepleiar - Tiltak i heim
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - Tiltak i heim
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Haram kommune søkjer etter sjukepleiar i 80% fast stilling, for tida i Tiltak heim. Dette er ei avdeling organisert under Indre Haram heimeteneste.
Likar du å arbeide sjølvstendig, kan kanskje akkurat du vere den rette i denne jobben. Stillinga er oppretta i samband med auka behov for hjelp i heimen hos eit multihandikappa barn. Det vil bli arbeid i turnus. Heimen har bemanning dag, kveld og natt måndag til fredag, samt noko på helg etter behov. Turnus er ikkje endeleg utarbeidd for denne stillinga. Den som får stillinga, vil få moglegheit til å vere med og påverke oppsett av turnus. Heimen er bemanna med sjukepleiarar som har eit tett samarbeid, men ein er stort sett åleine på jobb. Det vil bli gitt god opplæring i arbeidsoppgåvene.
Indre Haram heimeteneste er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår, er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Pleie, omsorg og oppfølging av barnet
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta.
- Bidra til eit godt samarbeid med pårørande.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Evne til å bevare roa i stressande situasjonar.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ann Cathrin Nyhammer, Avdelingsleiar, 47516769, Ann.Cathrin.Nyhammer@haram.kommune.noArbeidsstad
Trolldalssletta 126264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4924106597
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2869543
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ef29b07a519411eb46978444b60a926