Lege i spesialisering - Radiologi Ålesund og Volda
Radiologi Ålesund og Volda - legar, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering- Radiologi Ålesund og Volda
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har fleire kollegaer som er i Gruppe 1-teneste, og vi har no ledig 100 % fast stilling for lege i spesialisering innan radiologi. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetting, oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar. Intervju av søkjarar gjerast fortløpande.
Ved evt. intern tilsetting kan det bli ledige vikariatstillingar.
Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus har 20 legestillingar, der 8 er LIS og 12 er overlegar, og med eit stadig aukande behov for fleire radiologar.
Avdelinga har ein god kombinasjon av unge og erfarne overlegar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som liker faglege utfordringar, er lærevilleg og kan medverke positivt i legegruppa, både fagleg og sosialt.
Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim, med vaktfunksjon innan dei fleste spesialitetar. Kreftavdelinga ved sjukehuset i Ålesund er den einaste i fylket. Barneavdelinga er den største i fylket og har og eigen nyføddintensiv. Ålesund sjukehus har helikopterbase og AMK har lokale inne i sjukehuset.
Hos oss får du dekka store deler av både 3a og 3b læringsmål innan spesialiteten radiologi. Som LIS i radiologi ved Ålesund Sykehus får du ein brei og solid fagleg base i spesialiseringsløpet! I tillegg til diagnostikk og intervensjonar på CT, MR, UL og konvensjonell røntgen har vi eige brystdiagnostisk senter der vi har samarbeid mellom radiologi og kirurgi. Vi har ein topp moderne angio-/intervensjonslab der det blir utført både generelle og avanserte intervensjonar (inkludert EVAR). I tillegg har avdelinga to legar og ein fysikar som driv aktivt med forsking, og det er gode høve for å søke forskingsmidlar frå helseforetaket.
Radiologi er eit fagområde med rivande utvikling og vekst! Som radiolog vil du vere en naturleg del av mange ulike pasientforløp, både som ledd i utgreiing og også behandling. Slik vi du også ha ein kvardag der du jamnleg vil ha dialog med andre legar utanfor ditt eige fagfelt. Radiologar arbeider tett knytta til teknologi, og i åra som kjem er det venta ei spanande utvikling der KI-løysingar vil implementerast som støtte i arbeidet. Aukande grad av radiologiske intervensjonar gjer dagane som radiolog meir varierte og pasientretta, noko som også gjeld arbeid med brystdiagnostikk. I Ålesund vil vårt nye AIO-bygg gje nye moglegheiter for radiologisk samarbeid med karkirurgar, då det er planlagt tilrettelagt lokale for hybridstove.
Er du nysgjerrig på kva ei stilling som LIS hos oss vil innebere, eller vil du vite meir om korleis avdelinga vår fungerer? Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, eller om du ynskjer eit uforpliktande besøk!Ålesund og områda rundt utgjer eit eldorado av fjell og sjø, og kan by på varierte opplevingar på fritida. Det kan vere toppturar på ski på vinterstid, eller til fots om sommaren. Sjøen ligg nært og kan by på fine opplevingar sentralt, men også i områda rundt Ålesund. Byen har også eit rikt kulturliv å by på. Både innan musikk, teater og litteratur er det større årlege arrangement, både i byen og i områda rundt. Flyplassen vår ligg sentralt, ca 25 min fra sjukehuset, og har fleire daglege avgangar til ulike destinasjonar, i både inn- og utland. Sjå meir om byen og omland her.
Arbeidsoppgåver
LIS ved radiologisk avdeling i Ålesund går 8-delt vakt, tilstadetid 24/7. Overlege er bakvakt med heimevakt på natt og heimearbeidsstad tilgjengeleg ved behov.På dagtid roterar LIS mellom vakt, CT/MR, ultralyd, gjennomlysning og fordjupningsdagar ihht. avtale. Det er avsett tid til internundervisning i samarbeid med radiologisk avdeling Volda kvar veke. Rettleiar blir tildelt ved oppstart, og du får ein konkret opplæringsplan dei 2 første månedane før oppstart med sjølvstendige vakter.
Avdelinga har avtale med St.Olavs hospital og Oslo Universitetssykehus for gr.1-teneste. Det er også høve for å gjennomføre gruppe 1 ved andre universitetssjukehus.
Kvalifikasjonar
- Gyldig norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning
- Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling vil bli vektlagt
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og lærevillig
- Ha gode samarbeidsevner og medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Trivast med teamarbeid
- Gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar som passar stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Rekrutteringstillegg
Kontaktinformasjon
Tom Atle Solberg, Seksjonsleder, 97165755, Tom.Atle.Solberg@helse-mr.noEirin Steinsvik, Avdelingssjef, 93003117, eirin.steinsvik@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 16017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4852775377
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2735064
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5c082f91bbff4a01a36a001ce7798b23