Rektor ved Fister skule
Me søkjer etter rektor i 100% stilling, med fast tilsetting frå 01.08.20
Ansvar og arbeidsoppgåver
Rektor har ansvar for pedagogisk leiing, økonomi, administrasjon og personalansvar ved skulen. Rektor rapporterar til kommunalsjef.
Søkjarar til stilling som rektor må ha pedagogisk kompetanse og gode leiarerfaringar, og elles vera motivert for ei slik stilling. Rektor må ha visjonar om leiing av ein god skule, ha evne til å inspirera, leia og arbeida målretta og systematisk.
Me har nært samarbeid mellom leiarane og med administrasjonen, m.a. gjennom faste leiarmøte og tverrfaglege møte.
Kvalifikasjonar
- Dokumentert pedagogisk kompetanse
- Tilleggsutdanning innan skuleleiing er ønskjeleg
- Erfaring frå barneskule er ønskjeleg
- Gode leiareigenskapar
- Erfaring innan pedagogisk bruk av læringsteknologi
Me ønskjer leiarar med gode samarbeidsevner og som brenn for pedagogisk utviklingsarbeid. Rektor må aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for elevar og tilsette.
Personlege eigenskapar
- Du må vere fleksibel og løysingsorientert, og ha eit stort engasjement for elevane si læring
- Du har stor arbeidskapasitet, og ser på endring som ei kjelde til utvikling snarare enn ei utfordring
- Du er tydeleg og kommuniserer godt med ulike menneske
- Du evner å tenkja heilskapleg og langsiktig, samstundes som du har fagleg og personleg styrke til å handtere uforutsette situasjonar og hyppige endringar
- Du er oppteken av å skape resultat og nå dei måla me set oss
- Du er nøyaktig, strukturert, reflektert og sjølvstendig
Me kan tilby
- Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Kommunale tilsetjingsvilkår og pensjonsordning
- God seniorpolitikk
- Bedriftskunstforeining
- Eit rikt friluftsliv og eit godt kulturtilbod
Rekrutteringstiltak i Hjelmeland kommune:
- Redusert husleige
- Etableringspakke
- Stipendordningar
For meir informasjon om dette, sjå kommunen si heimeside.
Vilkår ved tilsetjing
I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning og personlege kvalifikasjonar. Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen.
Tilsetjing skjer på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram gjennom lovar, reglement og tariffavtale. Pensjonsordning i Statens pensjonskasse med 2% av bruttoløn som eigendel.
Anna
Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig for vidare handsaming av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er ikkje høve til å leggje ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga
på tlf. 51 75 70 00.
Om bedriften
Fister skule er ein fådelt barneskule med omlag 60 elevar og 12 årsverk. Skulen har eige SFO-tilbod.