Skrive master i jus? Vi tilbyr deltidsjobb og skriveplass
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Storehagen 1B, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Engasjement, deltid 40%
Antall stillinger
1
Her får du øvd deg på å bruke jussen i praksis, i eit breitt fagmiljø – samtidig som du skriv masteroppgåva di.
Vi tilbyr skriveplass og deltidsjobb for ein jusstudent som skriv masteroppgåve innan stiftelsesrett. Det kan og vere aktuelt om du skriv oppgåve som omfattar stiftelsar på anna vis.
Du får eigen kontorplass hos Stiftelsestilsynet i Førde og blir ein del av arbeidsmiljøet hos oss. På avdelinga vår har vi både nyutdanna og erfarne juristar, men og samfunnsvitarar og økonomar. Vi er stolte av å vere landets fremste kompetansemiljø på stiftelsar.
Kontorplassen vil vere tilgjengeleg frå midten av august og ut året. Du må jobbe to dagar i veka hos oss, men du kan naturlegvis bruke kontoret så mykje du vil. Jobben vil i hovudsak vere juridisk saksbehandling av søknader og rettleiing til stiftelsar. Du må kunne formulere deg godt skriftleg og munnleg.
Vi vil tilby oss å lese gjennom deler av oppgåva, og komme med tilbakemeldingar. Sidan vi er interesserte i det du skriv om, må du halde ein presentasjon av masteroppgåva for kollegiet her etter at den er levert.
Vi ønsker å knyte til oss studentar med særleg interesse for stiftelsar og/eller styrearbeid. Dersom du synest desse temaa er interessante, tar vi gjerne ein prat. Vi har også skissert nokre problemstillingar som kan vere aktuelle.
Når vi skal velje mellom søknadar legg vi vekt på val av problemstilling, motivasjon for valet og karakterar hittil i studiet. Du må kunne formulere deg godt skriftleg og munnleg.
Du kan også søke dersom du skal skrive 60-poengsoppgåve. Vi er i utgangspunktet på leit etter deg som skal skrive oppgåve til hausten, men du kan også ta kontakt dersom du skal skrive oppgåve våren 2025.
Frist for å søke om skriveplass for hausten 2024 er 1.april. Send inn presentasjon av problemstillinga for oppgåva, CV og karakterutskrift.
PS. I tillegg til at du får verdfull arbeidserfaring og kjekke kollegaer, kan vi freiste med at vi har lokale midt i Førde sentrum og at vi har både kantine og treningsrom på huset.
Vi håpar å høyre frå deg!
Vite meir om stiftelsar?
Lyst å lese meir om kva stiftelsar er og gjer i det norske samfunnet? Les deg opp på våre rapportar om norske stiftelsar.
Vilde Grimseth Halbrend jobba hos oss medan ho skreiv masteroppgåve i fjor. Les meir om hennar oppleving.
Kontaktinformasjon
Siw Heggedal Longvastøl, 90074974, 900 74 974Arbeidsstad
Storehagen 1B6800 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynetReferansenr.: 4761196426
Stillingsprosent: 40%
Engasjement
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange forskjellege fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange toppturentusiastar på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med til fjells. Om topptur ikkje er di greie, så passar det kanskje betre å bli med på den faste torsdagstrimmen vår på Puls. Eller å hive seg med på quiz-laget vårt på Peppes. Vi har også fast quiz i kaffibaren i 5. etasje kvar dag etter lunsj 😊 Der får vi ofte servert gullkorn frå Arne, ein av IT-utviklarane våre.
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2561304
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9d368b623297466cb879d38245e94b83