Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Vi på medisin1 søkjar etter nye sjukepleiekollegaer. Vi har for tida ledig:
100 vikariat; for tida dag/aften med arbeid kvar 3-helg med tiltredelse snarest tom 110126
80% vikariat, for tida på dag/aftan med arbeid kvar 3-helg med tiltredelse snarest tom 310825
Begge vikariata har mulegheit for forlenging.
Vi ser etter deg som er nyutdanna og klar for ei bratt læringskurve i eit trygt arbeidsmiljø, der du alltid har nokon å spørje.
Vi ser òg etter deg som har nokre års erfaring som sjukepleiar og har lyst på nye utfordringar i eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Her på Medisin1 jobbar vi med fagfelta lunge og kardiologi. Vi er ein gjeng, både nye og erfarne, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og legar, som saman jobbar for å gi best mogleg tilbod til pasientane våre. I tillegg jobbar vi tett ilag med poliklinikkane og fleire har kombinerte stillingar mellom sengepost og poliklinikk. Vi trur at dette er med på å forsterka både det faglege miljøet og behandlinga til pasientane våre.
Vi har 24 sengar fordelt på 3 team derav 2 hjarte- og 1 lungeteam. Vi har ansvar for pasientar som m.a kjem inn med; brystsmerter, hjartesvikt, rytmeforstyrringar, lungekreft, KOLS, lungefibrose og astma. Dette er hovuddiagnosane som vi har ansvar for, men me behandlar òg andre generelle diagnosar.
Det er viktig for oss at pasientane kjenner seg trygge og ivaretekne under innlegginga. Vi har difor fokus på kompetanseheving for våre tilsetja og jobbar kontinuerleg med forbetringsarbeid. Vi har m.a eigne fagdagar i regi av våre fagsjukepleiarar. Vi har og byrja med simulering som ein del av kompetansehevinga vår. Vi er opptekne av god kvalitet i tjenestane som vi tilbyr og håpar difor at du er fagleg engasjert og oppteken av å utvikla deg vidare.
Er du fersk i yrket vil du få god opplæring, invitasjon til eigen fagdag og dessutan mentor.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Arbeidsoppgåver
- Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
- Dekke pasienten sine grunnleggjande behov
- Førebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasientsikkerheit
- Gje forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
- Utøving av god omsorg til pasient og pårøyrande
- Bidra til fagutvikling i avdelinga
- Bidra aktivt i avdelinga si forbetringsarbeid
- Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
- Gjere seg kjend med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldsande prosedyrar og retningslinjer
- Studentrettleiing (nyutdanna har ikkje rettleiaransvar før ein har jobba eitt år)
Kvalifikasjonar
- Offentleg norsk godkjend sjukepleiar
- Eignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggast
- God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollega
- Må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg, evt. anna skandinavisk språk
- Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver
Personlege eigenskapar
- Positiv og fleksibel
- Vilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivå
- Fagleg engasjert
- Teamorientert
- God kommunikasjon og samhandling
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturert
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 92652725, inger.k.reiten@helse-mr.noArbeidssted
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4892643124
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819514
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a6bb15e1c0a486eb35e4045424fd53f