ID 2176 Sjukepleiar - Knutsaåsen omsorgssenter
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen
Me har frå snarast ledig fast 100% stilling for sjukepleiar ved Knutsaåsen omsorgssenter.
Har du interesse av å jobbe langevakter på 12,5 timer og ha moglegheit til fleire fridagar? Då kan me tilby ein turnus med langvakter på 12.5 time og arbeid 4. kvar helg. Knutsaåsen omsorgssenter er pilot i TØRN, der me aktivt jobbar med korleis me skal nytte ressursar på ein rett måte ut frå kompetanse og
Me ønskjer ein person som:
- Er ansvarsbevisst, nøyaktig, og strukturert
- Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis
- Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar
- Som ser magien i møte med eldre menneskjer og at du ynskjer å gjere ein forskjell.
- Har evne til fleksibilitet, samarbeid, og god kommunikasjon med brukar, pårørande og kollega
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar.
- Erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre med demenssjukdom er ei føremun.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- God opplæring og oppfølging
- Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
- Bedriftshelseteneste
- Høgt faglig nivå
- Etablert tverrfagleg samarbeid
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverkk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med: Avdelingssjukepleiar Randi Henriksen, tlf 53 45 43 44 / 53 45 43 05 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.