Engasjert kyrkjetenar til kyrkjene i Vanylven
Vanylven kyrkjelege fellesråd har ledig 50% fast stilling som
kyrkjetenar
Ein kyrkjetenar har ein slags vaktmeisterfunksjon og jobbar med oppgåver knytt til kyrkjebygget, gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, som for eksempel vigsel og gravferd.
Dømer på oppgåver ein kyrkjetenar har:
· Reingjering og enkelt vedlikehald av kyrkja og området rundt.
· Sørge for at lys, lyd og anna utstyr er i orden.
· Oppvarming.
· Sørge for tryggleik, brannvern og liknande.
· Sørge for at utstyr som skal brukast til for eksempel vigslar, dåpsseremoniar og gravferder er på plass.
· Ta vare på anitikvitetar og verneverdige gjenstandar som kunst, kyrkjesølv og tekstilar.
· Møte menneske som kjem til kyrkja på ein god måte.
Som kyrkjetenar bør ein vere ryddig og strukturert. Ein må vere praktisk anlagt og kunne jobbe sjølvstendig. I jobben som kyrkjetenar møter ein mange mennesker i ulike livssituasjonar. Desse må ein kunne møte på ein god og omsorgsfull måte.
Ein kyrkjetenar er glad i å vere åleine, og glad i vere saman med andre. Kyrkjetenaren likar orden og struktur slik at omgivnadane er ryddige og innbydande. Kyrkjetenaren veit at livet har rom for både sorg og glede, og tek imot menneske på ein god måte.
Ein kyrkjetenar har tid til å jobbe både helg og kvardagar, men har sjølvsagt også rett på fri.
Kyrkjetenaren er glad i kyrkjene, og tek vare på dei.
Høyres det ut som at å vere kyrkjetenar er noko for deg? Ta kontakt med kyrkjekontoret i Vanylven. Vi vil gjerne ha deg med på laget!
Den tilsette må ha førarkort og disponere eigen bil.
Den tilsette må beherske norsk språk.
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke, og har om lag 3150 innbyggarar.
Vi har fire sokn: Vanylven, Syvde, Rovde og Åram, med kvar sine soknekyrkjer, i tillegg til St. Jetmund kyrkje som er definert som middelalderkyrkje.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjev gode mulegheiter for friluftsliv og kulturopplevingar.
Velkomen til å søke hos oss!