Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale (reinrom) og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
- Arbeidstid er: dagtid/turnus
- Medarbeidar vil inngå i eit team som rullerer innan arbeidsoppgåver
- Ein del av arbeidet krev omkleding i sluser til eigna arbeidsklær (reinrom)
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev som reinhaldsoperatør, men også andre vil bli vurdert
- Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
- Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinromsarbeid, og/eller spesialreinhald
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt.
- Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team.
- Må kunne følge og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
- Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Olaf Løken Børsheim, 55972104Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4849356862
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.09.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2724072
- Sist endret
5. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1ec2cb0bd4f544d590bcf3cfa4501a4d