Pleieassistent til helgestilling
Medisinsk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Pleieassistent 15% - på tvers i medisinsk klinikk
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrkje helgebemanninga på postane. Vi lyser ut 8 faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar 3. helg for deg med pleieerfaring.
Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet inkludert overvaking av kritisk sjuke pasientar (MOE). Ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken.
Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er: Medisin 1 nord - seksjon for hormon og nyresjukdommar, Medisin 1 vest - seksjon for fordøyingssjukdommar, Medisin 5 nord, seksjon for blodsjukdommar, Medisin 5 vest, seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisin post 6/MOE - overvakingspost og seksjon for infeksjonssjukdommar samt dialyseeininga.
Arbeidsoppgåver
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- Stell og pleie, samt gi god omsorg for pasient og pårørande
- Stell og pleie , samt overvaking av pasientar
- Matservering
- Skylleromsarbeid
- Fastvakt
Kvalifikasjonar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring
- Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona)
Personlege eigenskapar
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
Vi tilbyrn deg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar infeksjonssjukdommar, +47 55 97 37 03, hege.cecilie.sorby@helse-bergen.noØystein Nautvik, Seksjonsleiar nyre/ endokrinologi, 55973619, oystein.nautvik@helse-bergen.no
Hilde Margrethe S.Dale, Seksjonsleiar MOE/ overvakingseininga, 55973722
Ina Kobbeltvedt Endregaard, Seksjonsleiar blodsjukdommar, 55 97 37 06
Merete Favang, Seksjonsleiar fordøyelsessjukdommar, 55973603
Audhild Hannisdal Jørstad, Seksjonsleiar Dialysen, 48092221
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4774048642
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 11.03.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2580955
- Sist endret
12. mars 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
755254e0d8944834bdbdf7f35796d1ac