Førde heimeteneste, eining 2 søker etter
Sunnfjord kommune Førde heimeteneste, eining 2
Prestebøen 8, 6809 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har 43 årsverk. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette. Er det deg?
Vi har ledig:
Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag med for tida todelt turnus og arbeid kvar 3. helg.
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Vi ønsker at du:
- har interesse for å yte omsorg
- er engasjert og positiv
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
- har stor arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
- er endringsvilleg og løysningsorientert
- er fleksibel
- er trygg på å jobbe sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner og bidrar til godt teamarbeid
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
- eit inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
- tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790454
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3426883_191735_nn