Fiksdal Friskule er i vekst, og vi har ledige lærarstillingar ved Fiksdal Friskule SA
Fiksdal Friskule SA
Fiksdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Grunnskulelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. januar
Frå 1 februar, og 1. august 2025 har du moglegheit til å tiltre i kjempespennande stillingar som lærar ved skulen vår. Vi har ledige stillingar i fleire storleikar. Både vikariat, men og med moglegheit for å få fast.. Tiltrede i perioden 1 februar til 1 august, kan også vurderas. Til fast stilling ligg det moglegheiter for å vere kontaktlærar. Du vil som lærar ha ansvaret for planlegging og gjennomføring av undervisning for dine klassar. Du vil jobbe tett saman med dei andre tilsette på skulen og med dagleg leiar / rektor.
Arbeidsoppgåver- Bidra til eit trygt og godt læremiljø for alle.
- Vere ansvarleg for godt samarbeid mellom skule og heim.
- Skape aktive og motiverte barn.
- Planlegging og gjennomføring av undervisning for dine klassar/grupper/elevar.
- Samarbeide med dei andre lærarane for å leggje til rette for god læring.
- Sørge for at satsingsområda ved skulen blir ivareteke.
Les mer på vår hjemmeside. www,fiksdalfriskule.no
Om bedriften
Fiksdal Friskule SA er ein privat skule og SFO i vekst., Lokalisert i idylliske Fiksdal i Vestnes kommune. Der vi saman med nabobygdene er kjende for fantastisk natur, løysningsorienterte folk, breitt næringsliv og stor skaparglede. Vi har alt vi treng rett utanfor døra; Noregs flottaste natur, fjell, skog, gapahukar, sjø, lysløyper, kunstgrasbane, nærbutikk, kulturliv og mykje meir. Fiksdal ligg sentralt plassert, 20 minutt frå kommunesenteret Vestnes, 45 minutt frå Ålesund sentrum, 1 time frå Åndalsnes sentrum og 1 time frå Molde. Innanfor 45 minutt køyretur frå Fiksdal ligg det nesten 50 000 arbeidsplassar og ventar på oss. Skulen har pr. i dag i overkant av 30 barn, med ein klar ambisjon om vidare vekst. Fiksdal Friskule er ein moderne skule, og har som grunnfilosofi; ein leksefri skule, kristen formålsparagraf, fysisk aktivitet og fostring, samt fokus på gode matvanar og godt kosthald. Etter oppstarten i 2022 har skulen gjennomgått ei omfattande renovering og modernisering. Og framstår i dag som ein flott arena for barna si eigenutvikling og arbeidsplass for lærarar og fagarbeidarar. Vi skal skape den skulen som alle vil ha sine elevar i, og der alle ønskjer å jobbe. Skulen sitt motto og slagord er; «Lære gjennom å gjere».
Sektor
Privat
Nettsted