Fysioterapeut Hjelmeland kommune 50% fast stilling
Hjelmeland kommune Helse
Prestagarden 13, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hjelmeland kommune har ei flott fysioterapi avdeling som ligg i lyse gode lokaler i Helsehuset. No treng dei fysioterapeut i 50% fast stilling.
Avdelinga har i dag 3,5 årsverk fysioterapeutar. Me dekker heile behovsspekteret både i institusjon, poliklinisk behandling og samarbeid med helsestasjon. I tilegg er hjelpemiddelformiddling ein del av arbeidsoppgåvene.
Stillinga har tiltredelse snarast.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- drive behandling og helsefremjande arbeid
- formiddling av hjelpemiddler
Kvalifikasjonar og vilkår
- off. godkjennt fysioterapaut
- relevant erfaring frå kommunehelsetenesta både barn, vaksne og instisusjon
- krav om å beherske norsk skriftlig og muntlig min nivå C1
- krav om førerkort klasse B
Me søkjer etter ein person som
- har kunnskap og ønske om å aktivt bruke og utvikle digitalisering i fysioterapi avdelinga
- har allsidig kompetanse, både i behandlingsmetodar og rehabilitering/habilitering innanfor dei ulike fagområda.
- er ein støttespelar for dei andre i avdlinga ved kompliserte saker
- har erfaring med helsefremjande arbeid, tverrfaglig og tverretatlig samarbeid og samarbeid med spesialisthelsetenesta
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2680532
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3366637_205389_nn