Ledig vikariat heiltid i Stårheim barnehage
Stad kommune
Myroldrinden 2, 6777 Stårheim
Om jobben
Stillingstittel
Ledig vikariat i Stårheim barnehage
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Stårheim barnehage har ledig vikariat frå 15.01.2025 - 30.11.2025.
Vi søkjer deg som vil vere med å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø.
Stårheim barnehage ligg på Stårheim, har to avdelingar med plass til 36 barn, og vi er 9 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med utviklingsarbeidet i barnehagen
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Planlegge og/ eller gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, tilsette, interne og eksterne samarbeidpartnarar
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar eller anna relevant høgare utdanning er ønskeleg
- Andre søkarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har god relasjonskompetanse
- Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
- Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du har evne til å handtere ei stor barnegruppe
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar. Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ønskjer at du oppgir referansar av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Linda Balsnes, styrar Stårheim barnehage, 416 46 315, linda.balsnes@stad.kommune.noArbeidsstad
Myroldrinden 26777 Stårheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4858091253
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.10.2024
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2746080
- Hentet fra
talentech
- Referanse
36b0160c35ed4f868f1e4afb39cb2457