ID 2288 Helsefagarbeidar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Sæbøhaugen A treng ein ny kollega som har autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne -- og ungdomsarbeidar. Me ser etter deg som er motivert, har brukarfokus og ønskjer å bidra med å gje brukarane ein trygg, innhaldsrik og meiningsfull kvardag.
Sæbøhaugen A er eit bufellesskap for 7 personar med funksjonsnedsettingar, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. Det er god variasjon i oppgåver, alt frå personleg pleie, tilrettelegging av måltid, kommunikasjon og tilrettelegging for sosiale aktivitetar.
Det er ledig fast 80% stilling for autorisert helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar frå 01.04.25.Stillinga har turnus med dag, kveld og langvakter, og langvakter kvar fjerde helg. Det kan vere mogleg å auke stillinga til 100% gjennom å kombinera denne stillinga med stilling i Eining for habilitering sin ressursstab.
Arbeids- og ansvarsområde:-
Bistå brukaren i dagleglivets aktivitetar og aktivitetstilbod
-
Gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar
-
Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnar
-
Bruke kommunikasjonsverktøy
-
Legemiddelhandtering
-
Dokumentasjon gjennom fagsystem
-
Autorisert helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev og relevant erfaring.
-
Kan samarbeide tett med andre, like å jobbe i team, men også jobbe sjølvstendig
-
Har gode samarbeids -- og kommunikasjonsevner
-
Er fleksibel og løysningsorientert
-
Førarkort klasse B
-
Beherskar godt norsk både munnleg og skriftleg
-
Personlege eigenskapar blir vektlagt
-
Ein må framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Hilde Bratland, tlf 908 44 092 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2868938
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6cebc05b-1bcc-48e1-b661-b097e81618c2