Helsefagarbeidar natt 69 % fast stilling
Vi har ledig 69 % fast stilling som fagarbeidar på natt, med arbeid kvar tredje helg.
Stillinga er per d.d knytt til natt på Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS). Her er 8 nattevakter per natt fordelt på BUAS og nattpatruljen, som samhandler med kvarandre. Ein sjukepleiar er på "topp" og gir sjukepleiekompetanse til alle avdelingane etter behov.
På Buas er det totalt 72 plassar fordelt på 5 avdelingar. Det er 2 avdelingar for demente, 1 korttidsrehab avdeling som også har 1 KAD plass, 2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består av vanleg pleiefagleg arbeid og ansvar knytt til brukarane sine behov og vedtak
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Kan arbeide sjølvstendig og målretta
- Kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om situasjonen krev det
Personlege eigenskapar
- Er positiv til andre og vektlegg å samarbeida godt med andre
- Har eit personleg engasjement for brukergruppe
- Liker å arbeide i eit skiftande tempo og tilpassa arbeidsmåten etter det
- Er motivert, serviceinnstilt og fleksibel
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4789132846
Stillingsprosent: 69%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2024
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her